ActiveSystems Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Oslo

  
Alle nyheter

Lokal nyheter

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Framleis utan straum i Ytre SognNRK Sogn og Fjordane
86 personar er framleis utan straum i Ytre Solund etter at fleire straumliner datt ned sundag. På det meste var meir enn 300 menneske heilt utan straum. Når det lysnar av dag set Sunnfjord Energi inn ekstra manskap for å rette feilen. Klokka 17 håpar BKK å ha retta feilen som råkar 11 abonnentar i Gulen.
2017-12-12 07:18:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir truleg ikkje med nedNRK Sogn og Fjordane
Gilbert Koomson blir mest truleg ikkje med Sogndal ned i 1. divisjon, skriv Sogn Avis. Ghanesaren står med 24 målpoeng dei to siste sesongane og har berre eitt år att av kontrakten. Etter det avisa kjenner til skal den tyrkiske klubben Bursapor vere interessert i 23-åringen.
2017-12-12 07:14:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje innstiltNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Dragsvik-Hella-Vangsnes på Rv 13/Rv 55 er innstilt ut dagen i dag grunna tekniske problem. Det melder Statens vegvesen.
2017-12-11 23:04:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i HornindalNRK Sogn og Fjordane
Det har vore ei trafikkulukke på E39 i Kjøs i Hornindal. Ein bil med to personar skal vere involvert. Det melder Helse Førde på Twitter. Det er 0-føre og glatt i området. Det skal ikkje vere personskade på dei involverte.
2017-12-11 18:48:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv 4 stengt grunna bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 4 er stengt mellom Byrknes og Mjømnesundbrua på grunn av bilberging. Vegen vil truleg vere stengt til seint på kveld måndag. Det melder Statens vegvesen.
2017-12-11 17:16:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trailer står fastNRK Sogn og Fjordane
Det snør no mykje i ytre delar av fylket. Ein tipsar fortel at det står ein trailer på Ålfotfjellet mellom Isane og Svelgen.
2017-12-11 16:32:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brødrene Aa utvidarNRK Sogn og Fjordane
Brødrene Aa kjøper Norwegian Marine i Eikefjord. Hyen-bedrifta kjøper anlegget frå INC-gruppa. Selskapet Norwegian Marine driv med reparasjon og vedlikehald av skip og båtar. Bakgrunnen for kjøpet er at verftet treng meir plass på grunn av mange oppdrag.
2017-12-11 15:37:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trailerar står fastNRK Sogn og Fjordane
På riksveg 614 i Bremanger står to semitrailerar fast i Magnhildskaret mellom Svelgen og Grov. Det er glatt på vegen. Vegvesenet fortel at det har vore sanda der, men at kan vere glatt enkelte stader.
2017-12-11 15:31:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Namneavklaring må venteNRK Sogn og Fjordane
I dag har kommunaldepartement bestemt namn på åtte samanslåtte kommunar. Den nye storkommunen i Sunnfjord er ikkje blant dei. Gaular og Jølster vil at den skal heite Indre Sunnfjord. Førde og Naustdal vil at den skal heite Førde. Departementet skriv i ei pressemelding at dei tek sikte på å gjere namnet det "innan relativt kort tid".
2017-12-11 12:57:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klare for Annecy-Le Grand-BornandNRK Sogn og Fjordane
Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø (Markane) er uttekne til tredje runde av verdscupen i skiskyting. Fredag står sprint på programmet i franske Annecy-Le Grand Bornand, medan jaktstart og fellesstart går høvesvis laurdag og søndag.
2017-12-11 12:45:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Buss sklei av vegenNRK Sogn og Fjordane
Ein buss har sklidd av vegen ved Myklebust i Hyllestad. Politiet opplyser at det ikkje skal vere personskade, men fylkesveg 65 er stengd.
2017-12-11 09:38:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sterk vind stoggar ferjeNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Sløvåg - Leirvik på fylkesveg 57 er mellombels innstilt. Årsaka er sterk vind.
2017-12-11 09:12:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stort straumbrot på kystenNRK Sogn og Fjordane
I Gulen er 116 abonnentar utan straum. BKK melder på sine nettsider at årsaka er ukjend, men at dei i morgontimane i dag vil starte feilretting. Kraftgiganten har måndag morgon åtte feil som råkar 593 kundar langs vestlandskysten.
2017-12-11 08:40:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frifunnen for høg fartNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i slutten av 40-åra er i Sogn og Fjordane Tingrett frifunnen for å ha køyrt for fort i ei 70-sone i Gudvangen i mai i fjor. Bilen til mannen vart registrert av ein fotoboks på E16, men retten meiner at biletet frå fotoboksen ikkje har vore godt nok til å identifisere bileigaren som den som var førar av bilen under fartsoverskridinga.
2017-12-11 07:11:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Glatte vegar fleire staderNRK Sogn og Fjordane
Ein tipsar har meldt inn til NRK at det er veldig glatt på vegen langs Hornindalsvatnet, mellom Nordfjordeid og Kjøs bru. Vegvesenet stadfestar at det er glatte vegar fleire stader i fylket, og at bilistar må vere merksame.
2017-12-10 17:56:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To lokale med i EMNRK Sogn og Fjordane
I dag har det vore EM i terrengløp i Italia. Marius Vedvik frå Førde på 39.-plass, medan Eivind Øygard frå Jølster kom på 59.-plass. ? Eg er nok litt betre når løypa er litt tøffare og brattare, seier Øygard, som likevel er fornøgd med eigen innsats.
2017-12-10 17:10:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde Volleyball til cupfinaleNRK Sogn og Fjordane
Førde Volleyballklubb sitt damelag slo Kristiansand 3 ? 0 på bortebane og er med det vidare til cupfinalen. Kampen var den siste av to, og i den første vart det uavgjort mellom dei to laga. I finalen skal Førde møte Oslo Volley.
2017-12-10 15:59:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar etter stengingNRK Sogn og Fjordane
Klokka 13 opnar Vikafjellet etter opprydding, melder Statens vegvesen. Fjellovergangen har vore stengd i fleire dagar på grunn av rasfare og uvêr. Her kan du lese fleire vegmeldingar.
2017-12-10 13:00:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hamna i autovernetNRK Sogn og Fjordane
Ein bil med fire ungdommar i har hamna i autovernet i Bjørndalsvegen i Florø. Uhellet har skjedd i låg fart. Føraren av bilen har klaga over vondt i nakken. Det er svært glatt på staden, opplyser politiet på Twitter.
2017-12-09 22:40:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

KollisjonNRK Sogn og Fjordane
To bilar har kollidert mellom Skilbrei og Langeland på E39. Politiet opplyser at det er meldt om personskadar og at naudetatane er på veg. Vegen på staden er delvis open
2017-12-09 18:47:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for Førde VollebyallklubbNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde Vollebyallklubb tapte 3-0 for TIF Viking i ettermiddag. Settsiffera vart 25-13, 26-24 og 25 - 20.
2017-12-09 18:41:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forlengar med FlorøNRK Sogn og Fjordane
Luc Jeggo (Til høgre i biletet) har forlenga kontrakten sin med Florø, det skriv klubben på sine nettsider. Jeggo spelar sentralt på midtbanen, men fekk lite speltetid i årets sesong, grunne skader. No håpar klubben at han står framføre ein betre sesong.
2017-12-09 13:24:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir med til 1. divisjonNRK Sogn og Fjordane
Sogndalspelar Even Hovland tek sikte på å bli med klubben ned i førstedivisjon, det skriv Sogn Avis. ? Det er fotball vi lever av, og om vi spelar mot Notodden eller andre, spelar ikkje så stor rolle, seier Hovland til avisa.
2017-12-09 12:38:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Historisk konsesjon i LusterNRK Sogn og Fjordane
60 år etter at Norsk Hydro først fekk konsesjon til å regulere Fortun-Grandfastavassdraga i Luster, kan dei få fornya konsesjonen, det skriv Sogn Avis i dag. Reguleringa pp 50-talet var den største kraftutbygginga i landet til då, og no kjenner ordførar Ivar Kvalen (Sp) på eit historisk sus før kommunen skal avgjere den viktige saka ut på nyåret.
2017-12-09 10:40:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferjene går som normalt attNRK Sogn og Fjordane
Etter at dei to ferjesambanda Isane-Stårheim og Leirvåg-Sløvåg har vore stengdeei stund, går begge to no som normalt, fortel Vegtrafikksentralen i Bergen.
2017-12-09 09:11:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No vil fleire bli kyrkjeverjeNRK Sogn og Fjordane
Førde kyrkjelege fellesråd har hatt det utfordrande med å finne ein ny kyrkjeverje for dei fire kommunane i indre Sunnfjord, det skriv Firda. Etter å ha berre fått to søkjarar, har dei lyst ut stillinga fleire gonger. No har dei endeleg fått seks stykk. Ein av søkjarane er fylkessekretær i Sogn og Fjordane Høgre, Ingvar Torsvik Myrvollen. ? Eg ser det som ein interessant jobb, seier Myrvollen til avisa.
2017-12-09 08:47:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uvêr stoppar ferjeNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Isane?Stårheim på fylkesveg 614 er innstilt inn til vidare på grunn av uvêr. Det er ikkje forventa at sambandet vert opna igjen i dag, melder Statens vegvesen.
2017-12-08 19:23:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vind stoppar ferje i GulenNRK Sogn og Fjordane
Vind stoppar ferje i Gulen
2017-12-08 17:32:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog står fastNRK Sogn og Fjordane
Fleire vogntog står i vegbana i Markane-området i Stryn for å leggje på kjetting. Tipsarar melder at bilane kan kome brått på og ber andre vegfarande om å vere merksame på dette.
2017-12-08 16:27:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vaular kjem til UtkantNRK Sogn og Fjordane
Bergensrapparen Lars Vaular (biletet), punkrockarane Sløtface og visesongaren Erlend Ropstad er klare for neste års Utkantfestival i Skjerjehamn. Festivalen blir arrangert 26. - 29. juli.
2017-12-08 14:05:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Norled kansellerer båtruterNRK Sogn og Fjordane
Nordgåande hurtigbåt frå Bergen til Selje klokka 1630 blir stogga og innstilt på ruta i Askvoll. Dette medfører at også returen 0650 frå Selje laurdag morgon blir kansellert. Ruta startar frå Askvoll klokka 0915. Årsaka er vêrforholda, melder Norled.
2017-12-08 13:07:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her var «Aina» sterkastNRK Sogn og Fjordane
Kvamsfjellet på Vassenden i Jølster registrerte den tredje kraftigaste middelvinden under ekstremvêret «Aina». Her vart vinden målt til 28,5 meter i sekundet, noko som tilsvarar sterk storm.
2017-12-08 11:40:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No får han kulturprisNRK Sogn og Fjordane
Kulturentreprenør Hans Jakob Reite får kulturprisen 2017 i Førde, melder kommunen på sine nettsider. Reite har i mange år drive frivillig kulturarbeid og var lenge primus motor for Førderevyen. Nyleg laga han også filmen «Frå Sjøhola til sjukehuset», som handlar om Førde. Prisen er på 25.000 kroner.
2017-12-08 11:34:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Riksveg 15 opna attNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Måløy er opna att. Vegen var ein periode stengd på grunn av steinar i vegbana. Statens vegvesen opplyser at det ikkje lenger er fare for fleire ras.
2017-12-08 11:19:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på SognefjordenNRK Sogn og Fjordane
B-ruta på ferjesambandet Lavik - Oppedal er i normal drift att. Ruta var ein periode innstilt grunna dårleg vêr.
2017-12-08 10:57:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 open for fri ferdselNRK Sogn og Fjordane
E39 er opna att på Byrkjelo etter trafikkulukka tidlegare i dag.
2017-12-08 10:44:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet opnar ikkje i dagNRK Sogn og Fjordane
Rv. 13 over Vikafjellet opnar ikkje att i dag på grunn av uvêret i fjellet.
2017-12-08 09:50:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Manuell dirigering i ViksdalenNRK Sogn og Fjordane
Det er no manuell dirigering av trafikken ved rasstaden på Bell i Viksdalen. Fylkesveg 13 blei torsdag ettermiddag sperra av eit større jord- og sørpeskred.
2017-12-08 09:40:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Delvis stengd på rv. 15 NRK Sogn og Fjordane
Fjordenes Tidende melder at riksveg 15 er delvis sperra ved Allmenningen i Vågsøy etter eit steinsprang.
2017-12-08 09:37:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No har han fått ny jobbNRK Sogn og Fjordane
Tidlegare stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn, har fått jobb som advokatfullmektig frå nyttår. Rotevatn sat på Stortinget for Sogn og Fjordane i perioden 2013 ? 2017, i Arbeids- og sosialkomitéen. Etter at han rauk ut av Stortinget tidlegare i år, har han jobba med masteroppgåva i rettsvitskap. Den er straks ferdig, og frå nyttår skal Rotevatn praktisere juss i Oslo.
2017-12-08 09:13:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Front mot front på E39NRK Sogn og Fjordane
E39 er stengd ved Byrkjelo etter ein frontkollisjon. Politiet opplyser at det skal vere lettare personskade. Vegen er glatt på staden.
2017-12-08 09:06:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

«Aina» stoggar ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
B-ruta på ferjesambandet Lavik - Oppedal er innstilt. Norled melder at det er vêrforholda som gjer at ferja ikkje kan trafikkere E39-sambandet over Sognefjorden.
2017-12-08 09:01:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ver obs på dårleg siktNRK Sogn og Fjordane
Tipsarar melder om tett snødrev og sludd på fleire strekningar i fylket. Det fører til dårleg sikt, og bilistar bør ta det med ro langs vegane.
2017-12-08 08:54:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonnekøyring på Hol-AurlandNRK Sogn og Fjordane
Fv. 50 Hol-Aurland er stengd på grunn av uvêr. Det blir kolonnekøyring frå klokka 10.
2017-12-08 08:31:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Talentfulle jenter på samlingNRK Sogn og Fjordane
Fire jenter frå fylket er tekne ut til landsdelssamling i fotball i Sarpsborg. Det er fotballforbundet som har teke plukka ut 50 jenter fødde i 2002 og 2003 til samlingane frå 4. - 7. januar. Neste steg er landslagssamling. Dei lokale som er tekne ut er: Ellijanne Skrede Anderson (Eid), Ingrid Lovise Jåstad (Kaupanger), Kristine Hovland (Vik) og Nora Henjesand (Syril).
2017-12-08 07:54:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 Hemsedalsfjellet er stengt på grunn av bilberging. Klokka 22.41 reknar Statens vegvesen med at vegen vert opna innan 45 minutt.
2017-12-07 22:43:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tekniske problemNRK Sogn og Fjordane
Tekniske problem
2017-12-07 22:25:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Aurland ? Hol stengtNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 Aurland ? Hol er no stengt på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen. Vegen har tidlegare i kveld vore kolonnekøyrd.
2017-12-07 21:45:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utan straum på DalsøyraNRK Sogn og Fjordane
13 abonnentar på Dalsøyra i Gulen er no utan straum, og har vore det i fleire timar. Årsaka er uvêr. BKK ber folk finne fram lommelykt, stearinlys og ein fullada telefon, skriv avisa Strilen. BKK reknar med at skal kunne kople inn at straumen klokka 22 i kveld.
2017-12-07 20:19:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje i drift igjenNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Stårheim ? Isane på fylkesveg 614 er no i drift igjen, og ferja går som normalt etter oppsette ruter. Ferjesambandet var ein periode i kveld innstilt på grunn av sterk vind.
2017-12-07 18:39:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

KolonnekøyringNRK Sogn og Fjordane
På grunn av uvêr er det no innført kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland ? Hol. Fyrste kolonne går frå Nilsegard til Øyestøl 18.30, melder Statens vegvesen.
2017-12-07 18:17:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstiller ferjeNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Isane?Stårheim på fylkesveg 614 er no innstilt. Årsaka er sterk vind, melder Statens vegvesen.
2017-12-07 17:28:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 13 stengd i ViksdalenNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 13 er stengd ved Bell i Viksdalen etter eit jord- og sørpeskred. Vi kjem attende med meir.
2017-12-07 16:15:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet stengtNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjellet er no stengt på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen.
2017-12-07 15:46:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Inntektsauke for vestlandsbøndeneNRK Sogn og Fjordane
Inntektene per årsverk i jordbruket auka med to prosent i 2016, etter to år med sterk inntektsauke. På Vestlandet var auken sju prosent, medan gardbrukarar på Austlandet tente mindre pengar. Det syner tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som blei lagt fram torsdag.
2017-12-07 13:29:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber folk om å la bilen ståNRK Sogn og Fjordane
Politiet ber no folk som ikkje absolutt må ut å køyre om å la bilen stå i dag. Det er mykje vatn i vegane og dårlege køyreforhold mange stadar. Dette gjeld spesielt folk som køyrer på E16 sørover mot Bergen og på andre vegar i dette området.
2017-12-07 11:25:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt grunna rasNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 92 mellom Framfjord og Indrefjord er no stengd grunna ras. Det er venta at det kan kome meir massar ned frå fjellet. Operatør på Vegtrafikksentralen i Lærdal, Kjetil Molvær, seier ein må vente seg at vegen vil vere stengd ei stund.
2017-12-07 10:57:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lange køar i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Tipsarar melder om lange køar mellom Naustdal og Førde ved vegarbeidsområdet på Bergum. I følgje tips var lysreguleringa ute av drift.
2017-12-07 09:12:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber bilistar vere obsNRK Sogn og Fjordane
? Somme stader er det ein del overflatevatn, is og småsteinar i vegbana. Difor bør folk ta det med ro når dei køyrer no i morgontimane, opplyser vegtrafikksentralen i Lærdal. Når det gjeld fjellovergangane er det venta vanskelege køyreforhold i Sør-Norge frå i ettermiddag på grunn av vind og snøfokk, melder Meteorologisk institutt.
2017-12-07 08:38:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømd for trugslar mot politietNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i tjueåra er dømd til 16 dagar fengsel på vilkår for å ha truga politiet i fylla. Mannen blei arrestert av politiet på countrytreffet på Breim i fjor sommar, fordi han var overstadig rusa, skriv Firda. Vedkomande skal ha set seg imot pågripinga og truga med å banke opp politibetjenten.
2017-12-07 07:59:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber om pengar til idrettsanleggNRK Sogn og Fjordane
Stryn Turn og Idrettslag ber om åtte millionar kroner frå fylket for å byggje idrettsanlegget Arena Stryn. Tidlegare har dei søkt om 8,7 millionar, og fått avslag. Viss dei får pengar i år, eller lovnad om pengar i 2019, kan dei setje spaden i jorda til våren. Fylkeskommunen har søknaden til vurdering.
2017-12-07 07:14:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mads Wie er klar for gamleklubbenNRK Sogn og Fjordane
Fotballspelaren Mads Wie forlèt Stryn til fordel for gamleklubben Sandane. Wie som med 31 mål var suveren toppskårar i Kretsligaen blir dermed å finne i den blå trøya til Sandane neste sesong, melder STIL på si heimeside. Wie fekk tidlegare i haust ei Fair Play utmerking frå fotballkrinsen. Bakgrunnen var at han med vilje bomma på ein straffe Stryn hadde fått etter ein dommarfeil
2017-12-06 22:49:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hjartestartarar i NordfjordNRK Sogn og Fjordane
Røde Kors har gått til innkjøp og utplassering av 22 hjartestartarar i kommunane i Indre Nordfjord. Det er forretningsmannen John Olav Lefdal som har gitt kring 250 000 kroner til prosjektet. Røde Kors skal halde hjartestartarkurs for mottakarane, 2?3 personar knytt til kvar utplassering skal få såkalla DHLR opplæring.
2017-12-06 22:38:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jord- og steinrasNRK Sogn og Fjordane
På fylkesveg 55 mellom Høyanger og Vadheim har jord- og stein ras inn i vegen på Vadheimssida av Vadheimstunnelen. Raset dekker halve vegbana. Det er passasje for bil, men bilistar som har køyrt forbi seier raset kan kome brått på for dei som kjem frå Høyanger. Vegtrafikksentralen opplyser at entreprenør er på veg og at han truleg vil kunne starte rydding ca. klokka 20.30.
2017-12-06 20:15:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lovar kakefest etter vegløyvingNRK Sogn og Fjordane
Ordførar Gunhild Berge Stang (V) i Fjaler gler seg til kakefest torsdag. Då samlar vegforkjemparar seg på rådhuset i Gaular. Fylkestinget vedtok nemleg å løyve 60 millionar kroner til å starte opprustinga av fylkesveg 57 i Fjaler. Vegen kan totalt koste fylkeskommunen 300 millionar på sikt. Det er også tenkt å krevje inn bompengar på vegen.
2017-12-06 16:03:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

165 millionar til Svelgen-IndrehusNRK Sogn og Fjordane
Eit fleirtal på fylkestinget har akkurat gått inn for å løyve 165 millionar kroner til å ruste opp fylkesvegen mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger. Det er 15 millionar til oppstart i 2020, og 150 millionar til bygging i 2021. Resten av summen på omlag 690 millionar må dei finne seinare. Ap fekk støtte for forslaget sitt av Venstre, Høgre og Frp, totalt 17 røyster. Arbeidet med reguleringsplanen vert starta første halvdel 2018.
2017-12-06 14:50:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil utbetre innseglingaNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget vil framskunde utsprenginga av innseglinga til Florø. Kystverket spør no etter innspel forslaget til handlingsplan frå 2018 til 2029. Her føreslår dei at forbetringa i Florø skal skje i siste 6-årsperiode. Fylkestinget vil derimot at det skal skje i første periode.
2017-12-06 10:54:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får køyre europacupNRK Sogn og Fjordane
Andrine Mårstøl (Haugen) får fornya tillit når europacupen i alpint held fram i Kvitfjell denne veka. Klubbkamerat Åge Solheim er med i herretroppen som køyrer sine europacuprenn i Trysil.
2017-12-06 10:53:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje leggje ned UPNRK Sogn og Fjordane
Trafikktryggingsutvalet i fylket protesterer mot planane om å leggje ned Utrykningspolitiet. I mai føreslo eit regjeringsoppnemnt utval å erstatte dagens særorgan i politiet. Mellom anna vil trafikkoppgåver då bli overført frå UP til politidistrikta.
2017-12-06 09:32:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikinglandsby utvidarNRK Sogn og Fjordane
Vikinglandsbyen Njardarheim i Gudvangen skal utvide for 20 millionar kroner og satsar på heilårsdrift. Landsbyen som opna i vår, har i år hatt 14000 besøkande. Planen er at utbygginga skal vere ferdig til sesongopninga 1. mai neste år.
2017-12-06 06:59:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kritiske til avtale med vikarbyråNRK Sogn og Fjordane
Fleire fylkespolitikarar, blant dei Hilmar Høl (Ap), er kritiske til at fylkeskommunen har inngått avtale om kjøp av vikartenester frå det private bemanningsbyrået Orange Helse. Selskapet har vore i søkelyset i Oslo og Bergen etter at Aftenposten avslørte at selskapet har tilknyting til skatteparadis. I førre veke skreiv avisa Firda at Fagforbundet krev at 12 kommunar i fylket seier opp avtalen om kjøp av vikartenester.
2017-12-05 22:10:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No er museumsdirektøren uroaNRK Sogn og Fjordane
Samanslåinga av kommunar og fylkeskommunar gjer at administrerande direktør for musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge, vert uroa. Grunnen er at politikarane ikkje har sagt noko om korleis museumsdrifta skal organiserast etter 1. januar 2020. Dette gjer at direktøren no går ut og etterlyser kva politikarane vil med musea i fylket når dei no står framfor reformer som får store konsekvensar for også dei.
2017-12-05 22:07:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkestinget vil ha Solund-bruNRK Sogn og Fjordane
Eit samrøystes fylkesting har akkurat gått inn for å søkje om ferjeavløysing i Solund. Dei vil veksle ferja til ytre Solund inn i ei bru ved ytre Steinsund. Også Ap røysta for, trass i at dei varsla det motsette kvelden i forvegen.
2017-12-05 17:49:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber bilistane vere obs i kveldNRK Sogn og Fjordane
Skal du ut på vegane i fylket utover kvelden bør du vere obs på at det kan kome til å fryse på fleire stader. Det er beskjeden frå Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal. Medan det har regna godt over store deler av fylket i dag, slår det om utover kvelden. ? Det brukar ikkje å slå feil, når det er nordavind og ned mot null grader skal det lite til før det byrjar fryse på, seier Erikstad. Spesielt kan det vere fare for at det frys på i ytre strok av fylket.
2017-12-05 17:07:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Spyttar inn pengar i VitensenterNRK Sogn og Fjordane
Fylkespolitikarane spyttar inn 660.000 kroner i det planlagde Vitensenteret Kaupus i Kaupanger. Fylkeskommunen skal eige 1/3 av selskapet. Det er tenkt at bedrifter, kommunar og skular skal eige resten. Det populærvitksaplege opplevingssenteret skal gjere born og unge meir interesserte i naturfag. Det var eit samrøystes fylkesting som vedtok å bli medeigar.
2017-12-05 15:42:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha Østenstad som sjefNRK Sogn og Fjordane
Innstillingsutvalet for den nye kommunen i Indre Sunnfjord tilrår samrøystes at Ole John Østenstad blir tilsett som prosjektleiar og rådmann i den nye kommunen. Østenstad er i dag rådmann i Førde kommune. Det skriv avisa Firda. Fellesnemnda skal ta endeleg avgjerd 13. desember.
2017-12-05 14:30:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel opna igjenNRK Sogn og Fjordane
Erviktunnelen på rv. 15 mellom Stårheim og Måløy er opna att etter at det er rydda steinar vekk steinar som låg i vegbana.
2017-12-05 14:23:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Godt gründerfylkeNRK Sogn og Fjordane
Vemund Eldegard (21) i Elde Cosmetics seier det er godt å vere gründer i Sogn og Fjordane. Han vart overrekt gründerprisen og 50.000 kroner. Han starta med å blande hudprodukt på kjøkkenbenken heime i Førde. No går bedrifta hans så det susar.
2017-12-05 13:55:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal finne brannårsakaNRK Sogn og Fjordane
Torsdag skal brannteknikarar inn i Stedjetunet for mellom anna å finne årsaka til at det byrja å brenne søndag ettermiddag. Tysdag har kranbilar teke ned lause delar av taket. Det får NRK opplyst hjå ordførar Jarle Aarvoll.
2017-12-05 12:56:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengjer veg for sprengingNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 over Strynefjellet blir stengd frå klokka 13 til klokka 1330 i dag. Årsaka er sprenging av ein snøskavl ved Ospeli, melder Statens vegvesen på Twitter.
2017-12-05 12:14:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna etter uvêrNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 Hol - Aurland er opna att for fri ferdsle. Vegen var i morgontimane og føremiddag stengd grunna uvêr.
2017-12-05 11:58:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Venstre vil gje sjukehusa til fylkaNRK Sogn og Fjordane
Fylkespolitikarane på Vestlandet bør få ta over styringa av sjukehusa. Det meiner Venstre i Hordaland og Sogn og Fjordane. I samband med at dei to fylka skal slå seg saman, bør dei få ta over Helse Vest, som eit prøveprosjekt, meiner partiet. Fylkeskommunane måtte gje frå seg styringa av sjukehusa i 2001. Fylkesleiar Gunhild Berge Stang flagga dette under debatten i fylkestinget i Leikanger i dag.
2017-12-05 11:37:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesordføraren vil ha Nynorsk-husNRK Sogn og Fjordane
Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) har merka seg planane om å samle mediebedriftene i Førde under eitt tak. ? Ein gode idé synest eg, og vi bør spørje oss om kan utvikle det til noko meir. Eit Nynorsk Hus som rommer både kultur og språk, sa ho i si tale til fylkestinget.
2017-12-05 11:02:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vart skjelven over fylkeskulturprisNRK Sogn og Fjordane
Kristin Sønnerheim sa ho vart heilt skjelven over å vinne fylkeskulturprisen. Ho vart overrekt diplom og sjekk på 50.000 kroner under fylkestinget i Leikanger. Ho er også kjent som Mor Aurlandsdalen og får prisen for sitt kvilelause arbeid for å rydde stiar, og ruste opp garden Sinjarheim. Ho inviterte heile fylkestinget til å gå på tur i Aurlandsdalen til sommaren. Ho takka også NRK for mini-dokumentaren som vart laga om henne og dalen i 2014.
2017-12-05 10:43:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå debatten i fylkestingetNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget er samla i Leikanger for å mellom anna dele ut fylkeskulturprisen og grunderprisen. No debatterer dei fylkesordføraren si tale. Du kan sjå det heile direkte her.
2017-12-05 10:15:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Yrkessjåfør kvilte ikkje nokNRK Sogn og Fjordane
Ein yrkessjåfør er meld for brot på køyre- og kviletida etter ein kontroll på E16 ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal. To forhold vart oversend føretakskontrollen for undersøking. I tillegg fekk ein førar gebyr på 8.000 kroner for manglande bombrikke. Ein må ut med 1.500 for manglande bruk av verneutstyr.
2017-12-05 08:18:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonne på fjellovergangNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 Aurland - Hol er opna for kolonnekøyring. Vegen var stengd på grunn av uvêr.
2017-12-05 08:15:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd på grunn av uvêrNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 Aurland - Hol er stengd på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen. Les oppdaterte trafikkmeldingar her:
2017-12-05 06:31:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis manuell dirigeringNRK Sogn og Fjordane
Det er framleis redusert framkomst på riksveg 15 ved Torvika mellom Måløy og Nordfjordeid. Ein semitrailer reiv med seg autovernet tidlegare i dag, og all lasta vart liggande att i vegbana. Ifølgje Statens vegvesen blir det framleis jobba med opprydding. Det er manuell dirigering forbi staden.
2017-12-04 23:13:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Godt arbeidsmiljø i barnevernetNRK Sogn og Fjordane
Arbeidsmiljøet i Sogn barnevern er bra. Det er konklusjonen til Arbeidstilsynet, skriv Sogn Avis. Den interkommunale barnevernstenesta i Sogn har tidlegare vore prega av konfliktar og påstandar om dårleg arbeidsmiljø. For tida er ein hemmelegstempla rapport om temaet til behandling i kontrollutvalet i kommunen. Men no slår i alle fall Arbeidstilsynet fast at både leiinga og dei tilsette arbeidsmiljøet har vore godt sidan sommaren 2016.
2017-12-04 19:28:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ap vil ikkje ha bru i SolundNRK Sogn og Fjordane
Arbeidarpartiet vil ikkje at det skal søkjast om å bruke ferjeavløysing ved ytre Steinsund i Solund. Dei vil heller bruke pengar på å ruste opp fylkesvegen mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger. Partiet røysta i mot å sende søknad om ferjeavløysing i fylkesutvalet, og varsla at dei vil finne inndekning til opprustinga på Kystvegen iløpet av fylkestingseta denne veka.
2017-12-04 18:17:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brannvesenet øver i VågsøyNRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet i Vågsøy skal ha øving på Røysa på Raudeberg utover kvelden. Ifølgje Alarmsentralen skal brannvesenet øve seg på både røykdykking og sløkking i eit hus.
2017-12-04 18:09:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna att etter bilbergingNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er opna att etter at vegen har vore stengd på grunn av bilberging. Ingen personar vart skadde då ein semitrailer og ein personbil kolliderte tidlegare i ettermiddag.
2017-12-04 16:08:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vogntog står fastNRK Sogn og Fjordane
På rv. 15 står tre vogntog fast i bakkane opp mot Strynefjellet på Stryn-sida av fjellet. Det er mogleg å passere, ifølgje tips til NRK Trafikk.
2017-12-04 15:16:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hemsedalsfjellet stengdNRK Sogn og Fjordane
Ein personbil og eit vogntog har kollidert på Hemsedalsfjellet ved fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane. Vegen er stengd og politi og brannvesen er på veg, opplyser Statens vegvesen. Framleis uvisst om nokon har kome til skade.
2017-12-04 14:11:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fullførde sitt første europacuprennNRK Sogn og Fjordane
Alpinisten Andrine Mårstøl (Haugen) vart i dag nummer 53 under europacuprennet i storslalåm i Hafjell. Måndag var ho altså mellom dei 60 som også fekk køyre andre omgang.
2017-12-04 14:08:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rv. 15 opna att etter lastebilkrasjNRK Sogn og Fjordane
Rv. 15 er opna att etter at ein lastebil køyrde i fjellveggen ved Torvika mellom Stårheim og Nordfjordeid i Eid. Lastebilen står i vegen, og det er store skadar på autovernet. Politiet opplyser at føraren blei tatt med til legesjekk. Bilen skal vere lasta med tauverk.
2017-12-04 12:10:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bøtelagd og fråteken lappenNRK Sogn og Fjordane
Ein sogning i slutten av tenåra er dømd for aktlaus køyring etter at han køyrde inn i autovernet og ut av vegen. Mannen må klare seg utan førarkort i seks månader og betale 8000 tusen kroner i bot.
2017-12-04 08:36:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Søkte ly i garasjeNRK Sogn og Fjordane
Ein rusa mann (35) blir teken hand om av politi og helse på Vassenden i Jølster. Mannen søkte tilhald i ein garasje. Ifølgje politiet hadde han noko for lite klede for ein desembermorgon, men mannen skal vere vaken. Politiet presiserer at mannen ikkje har brote seg inn i garasjen.
2017-12-04 08:24:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppmodar til varsemdNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen oppmodar vegfarande om å vere observante på vegane i morgontimane. Minusgrader har slått om til plussgrader, noko som kan føre til at is som har lagt seg i vegskjæringane kan rase ned i vegen.
2017-12-04 07:48:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

ActiveSystems - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.