ActiveSystems Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailOm Oslo

  
Alle nyheter

Lokal nyheter

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Vil ha fleire hurtigladarar i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Rema 1000 på Evja i Florø og BKK har inngått avtale om at kraftselskapet skal setje opp tre hurtigladarar for elbil på parkeringsplassen til matbutikken, skriv Firdaposten. BKK søkjer no til kommunen om å få setje opp ladeplassane.
2019-10-20 12:07:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I handjern og inn i ambulansenNRK Sogn og Fjordane
Ambulansearbeidarar bad i natt politiet om hjelp for å få med seg ein mann, skriv Firda. Då politiet kom la dei mannen i handjern. Mannen var svært full, opplyser politiet, som også måtte bli med til sjukehuset i Førde.
2019-10-20 10:44:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd E39 like over fylkesgrensaNRK Sogn og Fjordane
To bilar har kollidert på E39 ved Damfosstunnelen i Austefjorden i Volda. Luftambulansen har vore på staden. Vegen går mellom Volda og Nordfjordeid, og er no stengd. Politiet melder at det skal ha vore glatt på staden.
2019-10-20 10:09:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Leikanger blir ikkje svekkaNRK Sogn og Fjordane
Sjølv om dei 100 nye jobbane i vegadministrasjonen i Vestland skal finnast i heile storfylket, kjem ikkje det til å svekke Leikanger sin posisjon, seier Noralv Distad (H) til Sogn Avis. ? Det er viktig å ha eit breitt miljø med høg kompetanse. Det har me i Leikanger, og det er viktig at dette miljøet ikkje vert svekt, seier han.
2019-10-20 09:10:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha Bjørlo som nestleiarNRK Sogn og Fjordane
Troms og Finnmark Venstre vil ha påtroppande Stad-ordførar Alfred Bjørlo som ny nestleiar, skriv VG. Avisa siterer «kjelder med innsikt i prosessen». Partiet skal velje ny leiartrio på landsmøtet i april.
2019-10-19 20:30:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil utfor vegenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt utfor vegen på riksveg 15 ved Bjørhovde i Eid. Føraren er vaken og har vore åleine. Han skal ha meldt om smerter i ryggen, og er teken til sjukehuset i Førde med luftambulanse, opplyser politiet. Trafikken kan passere på staden.
2019-10-19 19:56:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mot nedrykkNRK Sogn og Fjordane
Siri Nordeide Grønli frå Høyanger går mot nedrykk frå Toppserien i fotball. Ho spelar for Stabæk, som no ligg seks poeng bak kvalik-plassen. Med berre to kampar att og ein svak målforskjell, har det å redde plassen blitt ei rein teoretisk øving.
2019-10-19 19:52:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ni tekne med for høg fartNRK Sogn og Fjordane
Under ein fartskontroll i ei 80-sone på Klavelandet i Flora, fekk ni sjåførar forenkla førelegg, skriv politiet. Den høgaste farta som blei målt var 99 km/t.
2019-10-19 19:35:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hastar med meir kraft til kystenNRK Sogn og Fjordane
Leiar av Energiregion Møre, Bengt Endreseth, seier bygginga av kraftlina mellom Sogndal og Ørskog skulle vore vidareført ut til kysten. Statkraft har varsla at dei skal legge fram løysing på ny krafttilførsel til våren.
2019-10-19 16:27:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florø tapteNRK Sogn og Fjordane
Utan mykje å spele for, tapte Florø 2?0 borte mot Asker i årets nest siste kamp i 2. divisjon. Laget spelar i 2. divisjon også neste sesong.
2019-10-19 15:03:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Heldt fram å køyre utan lappenNRK Sogn og Fjordane
Sjølv om sunnfjordingen mista lappen, heldt han fram med å køyre både bil og lastebil. Ved eitt høve stakk han av frå politiet, krasja i ein bil og køyrde vidare. To år etter har han no fått 10.000 kroner i bot. Han slepp å sone 60 dagar i fengsel om han ikkje gjer nye lovbrot dei neste to åra.
2019-10-19 13:37:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siktar høgare enn gullNRK Sogn og Fjordane
Stryningen Johannes Thingnes Bø (26) vann det som var å vinne i verdscupen i fjor. I år går fødselen til kona Hedda framfor alt. ? Det er det største i livet, større enn ei gul trøye, OL og VM, seier han til VG. Paret ventar sin første son i januar, ein månad som er den viktigaste månaden for førebuinga til VM.
2019-10-19 10:01:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vêret i dagNRK Sogn og Fjordane
Det er venta austleg bris, på kysten nordaust frisk bris, nord for Måløy auke til liten kuling, sterk kuling nær Stad. I indre strok enkelte regnbyer, elles stort sett opphaldsvêr og periodar med sol. Oppdatert vêrvarsel får du på yr.no.
2019-10-19 08:41:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Telenor takka nei til netthjelpNRK Sogn og Fjordane
Då uvêr slo ut fiber og mobilnettet til Telenor i Jølster 30. juli, takka dei nei til Enivest om å kople seg til deira uskadde fiber. Til Firda seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor at dei meinte det tok kortare tid å reparare eige nett, enn å kople seg til Enivest sitt.
2019-10-19 08:24:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Laksesmolt døyddeNRK Sogn og Fjordane
Mesteparten av dei 400.000 laksesmolten som vart sett ut i det nye og omstridde anlegget ved Silda har døydd, skriv Fjordenes Tidende. Dagleg leiar i Blom Fiskeoppdrett, Øyvind Blom, seier det er ei gåte korleis smolten døydde.
2019-10-18 21:59:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-18 18:42:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i GaularNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt inn i eit autovernet ved Myrmel i Gaular. Ein person er ute av bilen og skal vere uskadd, skriv politiet. Trafikken går forbi staden utan problem.
2019-10-18 16:09:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Grotle valt til ordførarNRK Sogn og Fjordane
Olve Grotle (H) er akkurat valt til første ordførar i Sunnfjord kommune med 28 røyster. Eit mindretal på 17 røysta på Helge Robert Midtbø (Ap). Grotle vart valt etter ein debatt der saka om løn til varaordførar vart løfta opp att. Jenny Følling vart valt som varaordførar med same fleirtal. Du kan følgje det første møtet i Sunnfjord kommunestyre her.
2019-10-18 14:07:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brukte 100.000 på opningsfestNRK Sogn og Fjordane
Måløyraidsenteret brukte 100.000 kroner på festen då senteret vart opna i fjor haust. Dette går fram av dokument frå Lotteritilsynet. Kronprins Haakon stod for den offisielle opninga. Måløyraidsenteret treng 9 millionar kroner for å unngå konkurs.
2019-10-18 13:54:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frifunnen etter dødsulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra er frifunnen etter dødsulukka i Raubergtunnelen i Lærdal i mars 2017. Mannen var tiltala for å ha køyrt på ein eldre syklist, som døydde av skadane. Retten kan ikkje sjå at mannen heldt uforsvarleg høg fart, og såleis ikkje kan lastast for ulukka.
2019-10-18 13:20:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar for å verte del av leiingaNRK Sogn og Fjordane
Eid-ordførar Alfred Bjørlo opnar for å gå inn i Venstre-leiinga, skriv Klassekampen. Partiet skal velje ny leiartrio på landsmøtet i april neste år, og Bjørlo er nominert av Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande.
2019-10-18 13:12:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre av ått leiarverv til nordfylketNRK Sogn og Fjordane
Folk frå Sogn og Fjordane får tre av dei åtte leiarverva i nye Vestland fylke. I dei fire hovudtvala er det åtte leiarar og nestleiarar. Alfred Bjørlo (V) blir nestleiar i kultur, idrett og integreringsutvalet. Karianne Torvanger (Ap) og Åsmund Berthelsen (SV) blir leiar og nestleiar i opplæringsutvalet.
2019-10-18 11:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trefelling kosta dyrtNRK Sogn og Fjordane
Stryn kommune må betale 40.000 kroner i erstatning etter trefelling, skriv Fjordingen. Eit kommunalt område blei rydda av kommunen for å betre sikta i eit vegkryss ved ein eigedom. Ved ein feil blei tre bjørker på naboeigedommen også saga ned.
2019-10-18 10:25:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sel kveite på HarrodsNRK Sogn og Fjordane
Kveite frå Ortnevik blir seld på det eksklusive varemagasinet Harrods i London, skriv avisa Ytre Sogn. Kiloprisen ligg på rundt 1000 kroner. ? Sjølv om vi snakkar om eit avgrensa volum, så har det stor betydning at Harrods har valt å ta inn produktet vårt, seier Ole Kristian Hess-Erga i Sogn Aqua.
2019-10-18 10:19:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem på Lavik ? OppedalNRK Sogn og Fjordane
Reiarlaget Norled opplyser at rute C på ferjesambandet Lavik ? Oppedal er innstilt inntil vidare frå avgangen klokka 09.50.
2019-10-18 09:48:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Årdøl kjempar om opprykkNRK Sogn og Fjordane
Årdøl og fotballspelar Edin Øy kjempar om opprykk til Superettan i Sverige. Saman med laget Ljungskile feia han unna all motstand i svensk andredivisjon, skriv Porten.no. Øy har ikkje spelt så mykje denne hausten, og er usikker på om han blir Superettan-spelar til neste år.
2019-10-18 09:36:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke ved FlatraketNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt i støypekanten på fylkesveg 618 på Seljeneset ved Flatraket. Politiet melder at sjåføren var åleine i bilen, og at det ikkje skal vere snakk om alvorleg personskade. Trafikken går greitt forbi staden.
2019-10-18 08:04:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk plass i formannskapetNRK Sogn og Fjordane
Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) har fått plass i formannskapet i Lærdal. Ho stod på ein 16.-plass på lista til kommunevalet. Men sidan ho er medlem i utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget seier Navarsete at ho er budd på mykje fråvær frå formannskapsmøta.
2019-10-18 07:51:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vraka som idrettsleiarNRK Sogn og Fjordane
Nils R. Sandal frå Gloppen er vraka som leiar av idrettskrinsen i valnemnda sitt forslag til nytt hovudstyre i Vestland idrettskrins. Valnemnda ønskjer i staden Ole Hope frå Bergen. Nemnda var delte i synet på leiarvalet og leiaren si dobbeltstemme avgjorde tilrådinga. Det endelege valet skjer 9. november.
2019-10-18 07:38:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trøbbel for ferjeNRK Sogn og Fjordane
Rute A på ferjesambandet mellom Dragsvik-Hella-Vangsnes er innstilt. Fjord1 opplyser om at det er tekniske problem.
2019-10-18 06:14:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bønder klagar på avslagNRK Sogn og Fjordane
Bøndene i Hyllestad, Fjaler og Høyanger klagar på avslaget om å utvide fellingsløyve på ulv i området. Dei viser til at det ikkje skal vere ulv i fylket. Ein ulv har sidan i fjor sommar teke fleire dyr i området. Men fylkesmannen meiner skadepotensialet er lite, no som sauene er komne i hus. Difor blir ikkje siste fellingsløyvet utvida.
2019-10-17 21:39:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hadde sin siste dag som ordførarNRK Sogn og Fjordane
Etter over 17 år som ordførar, gjekk Arild Ingar Lægreid i dag av som Årdal-ordførar. Etter fire periodar blir han no pensjonist. Til Sogn Avis seier Lægreid at han aldri såg føre seg at det skulle bli 17 år som ordførar.
2019-10-17 21:10:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-10-17 20:53:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-17 18:47:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferska både på tur og returNRK Sogn og Fjordane
To gonger på like mange februardagar vart bilføraren frå Sunnfjord teken i alt for høg fart i 80-sona på riksveg 5 ved Fodnes i Lærdal. På veg sørover vart han målt til 96 km/t. Dagen etter vart han målt til 115 km/t på returen. No har han godteke ei bot på 12.500 kroner. Førarkortet får han att i slutten av oktober.
2019-10-17 18:04:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har oppklara brannstiftingNRK Sogn og Fjordane
Eldpåsetjinga i og ved Flora barneskole i førre veke er oppklara. Det skriv Firdaposten. Etterforskingsleiar Kåre Toreid ved Flora politistasjon seier at det er fleire mindreårige gjerningspersonar som står bak hendinga. Saka blir sendt vidare til konfliktrådet for handsaming, og barnevernet for oppfølging.
2019-10-17 17:39:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel opna etter stengingNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 i Aurland er opna att. Tunnelen var ein periode stengd på grunn av ein laus gjenstand i tunneltaket.
2019-10-17 17:05:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 gjennom Aurland er stengd, melder Statens vegvesen. Det skal henge ein laus gjenstand ned frå tunneltaket.
2019-10-17 16:15:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førebur leiteaksjon i AurlandNRK Sogn og Fjordane
Politiet mobiliserer for ein mogleg leiteaksjon i Aurland, skriv Sogn Avis. Politiet har ikkje formelt motteke ei saknamelding, men trur ein utanlandsk turist kan vere i området. Til NRK fortel politiet at dei førebur seg for å raskt kunne setje i gang ein leiteaksjon dersom naudsynt.
2019-10-17 12:05:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilte ferjeturarNRK Sogn og Fjordane
Ferjeturane frå Lavik klokka 09.50 og 10.20 frå Oppedal er innstilte. Reiarlaget Norled seier dette skjer på grunn av rokering av ferjene.
2019-10-17 09:45:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kokepåbod opphevaNRK Sogn og Fjordane
No treng ikkje årdølene koke vatnet lenger, det melder kommunen sjølv. Kokepåbodet råka berre dei som fekk vatnet sitt frå høgdebassenget i Geisdalen. No er prøvane klare, og vatnet kan trygt drikkast utan koking.
2019-10-17 09:35:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Pris til VilnesNRK Sogn og Fjordane
Artisten Vilnes frå Askvoll er kåra til årets mannlege artist i Radio Wigwam Awards i England. Det er stasjonen Radio Wigwam som arrangerer konkurransen, og dei deler ut totalt elleve prisar.
2019-10-17 07:31:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må ta grep etter fiskeNRK Sogn og Fjordane
Fritidsbåtar på jakt etter oppdrettslaks fører til at Hydro i Høyanger må ta grep, skriv Ytre Sogn. Laksefiskarar må spørje portvakta til Hydro viss dei skal fiske ved hamna. 17.000 laksar rømde førre månad.
2019-10-17 07:00:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-16 20:53:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trond Mohn gir pengar til hallenNRK Sogn og Fjordane
Forretningsmannen Trond Mohn frå Bergen gir 10 millionar kroner til bygging av den nye idrettshallen i Bygstad, skriv Firda. No manglar det berre 4,5 millionar kroner før hallen er fullfinansiert. Mohn ventar at kommunen løyver desse pengane, skriv avisa.
2019-10-16 20:24:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
2019-10-16 18:48:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får ikkje forlenga fellingsløyvetNRK Sogn og Fjordane
Fylkesmannen vil ikkje forlenge fellingsløyvet på ulven som herjar i ytre Sogn og Sunnfjord. Årsaka er at sauene no er komne i hus. Fellingsleiar Stein Mortensbakke er ueinig i avgjerda. Han seier at det for tida er 150 hjortejegerar på post i skogen og at det difor er den rimelegaste og beste løysinga å ta ulven no.
2019-10-16 15:47:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Permitterer tilsetteNRK Sogn og Fjordane
Geværskjefteprodusenten GRS Riflestock i Hornindal har siste halve året permittert seks av dei 18 tilsette, skriv Fjordingen. Dagleg leiar Oscar Haugen seier årsaka er kort ordrehorisont grunna sesongsvingingar, noko som er normalt på denne tida av året.
2019-10-16 15:36:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Varmt på VestlandetNRK Sogn og Fjordane
Dei som frys lett kan glede seg i dag. 14 grader er venta somme stader på Vestlandet, melder Meteorologisk institutt.
2019-10-16 11:21:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dagny til MalakoffNRK Sogn og Fjordane
Den populære artisten Dagny er klar for Malakoff neste år. Også bandet Drittmaskin er klart. Festivalen blir halden 16.?18. juli på Nordfjordeid.
2019-10-16 10:24:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tiltalt for valdtektNRK Sogn og Fjordane
Ein mann frå Sogn og Fjordane er tiltalt for valdtekt av ei jente, skriv Firda. Valdtekta skal ha skjedd då jenta var fem år gamal. Mannen er også tiltalt for å ha lasta ned over 1000 bilde som viser «framstilling som seksualiserer barn».
2019-10-16 08:19:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire vil ha passNRK Sogn og Fjordane
Ved lensmannskontoret i Vågsøy har dei opplevd ein stor auke i folk som vil ha pass den siste tida. Det skriv Fjordenes Tidende. Passtenesta i Vågsøy vert lagt ned 1. november, og det ser ut til at fleire vil sleppe reisevegen til Eid, som blir næraste passkontor, for å fornye passet sitt.
2019-10-16 06:28:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 open attNRK Sogn og Fjordane
Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen er no open att, etter at tunnelen vart stengd då ein personbil fekk motorstopp. Det vil bli ei kort stenging att medan bilen blir berga ut av tunnelen.
2019-10-15 20:17:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E39 stengd i GulenNRK Sogn og Fjordane
Jernfjelltunnelen på E39 i Gulen er stengd. Ein personbil har fått motorstopp, og bilbergar er på veg. Tunnelen blir ikkje opna før bilen er berga ut av tunnelen, melder Vegtrafikksentralen.
2019-10-15 19:31:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 18.50NRK Sogn og Fjordane
2019-10-15 18:44:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lastebil sperra for trafikkenNRK Sogn og Fjordane
E39 er open mellom Byrkjelo og Sandane etter at ein lastebil stod fast i Prestesvingane. Statens vegvesen melder om at det framleis er noko kø på staden.
2019-10-15 17:59:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstiller avgang på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Ferjeavgangane klokka 17.40 frå Oppedal og klokka 18.10 frå Lavik på E39 blir innstilt på grunn av lading, melder Vegtrafikksentralen.
2019-10-15 17:57:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Langar ut etter NM-endringNRK Sogn og Fjordane
Då arrangøren flytta helgas NM i terrengløp to timar for at Henrik Ingebrigtsen skulle få stille på startstreken, gjorde det at Eli Anne Dvergsdal ikkje rakk løpet. Det skriv Dagbladet. I staden for løp, og første forsøk på kvalifisere seg til nordisk, vart det bomtur til Oslo. ? Ganske bortkasta, seier jølstringen til avisa.
2019-10-15 13:01:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Formelt vald som fylkesordførarNRK Sogn og Fjordane
Jon Askeland (Sp) er formelt vald som den første fylkesordføraren i Vestland fylkeskommune. Det nye fylket har sitt første fylkesting i dag og du kan sjå møtet direkte her. Fylkesordførar for Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap) gav blomster.
2019-10-15 12:22:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sa feil i første møteNRK Sogn og Fjordane
I dag har Vestland fylke sitt første fylkesting. Då avtroppande fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun (Ap), skulle dele ut pins til alle representantane, gjekk det litt gale med ein gong:
2019-10-15 12:09:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opptur etter nedtur for FlåmsbanaNRK Sogn og Fjordane
Etter fem månader med færre passasjerar, ser oktober ut til å ende med rekordtal for Flåmsbana. Det melder Sogn Avis. ? Dette er bra. Det er meir trafikk utanom sommarsesongen vi jobbar for, seier Sivert Bakk, dagleg leiar i Flåm Utvikling, til avisa.
2019-10-15 09:06:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Viser 16 sentrale motivNRK Sogn og Fjordane
I kveld blir det nye fylkesordførarkjedet overrekt Vestland fylke sin første fylkesordførar, Jon Askeland (Sp). Fjordsylv og biletkunstnar Åse B. Dale har samarbeidd om kjedet. Blant 16 motiv i kjedet finn ein Urnesportalen, Bryggen, bruer, tunnelar og fjordingen.
2019-10-15 08:15:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde av vegen i fyllaNRK Sogn og Fjordane
Sunnfjordingen tok siste slurk i 05-tida om morgonen. Like etter, med ein promille på 1,63, sette han seg i bilen. No er mannen i 20-åra dømd til fengsel i 24 dagar etter utforkøyringa i september i år. Han må også betale 42.000 kroner i bot og klare seg to og eit halvt år utan førarkort.
2019-10-15 07:36:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ventetid på E16 i SognNRK Sogn og Fjordane
Grunna vedlikehaldsarbeid må bilistar på veg gjennom Lærdal bu seg på ventetid ved Borgundtunnelen. Statens vegvesen opplyser at det blir arbeidd mellom klokka 09 og 13. Bilistar må vente på følgjebil. Kolonnetidene er tilpassa rutegåande trafikk.
2019-10-15 07:18:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Satsar på tang og tareNRK Sogn og Fjordane
Firda Seafood vil gro tang og tare i Gulen, skriv porten.no. No har dei søkt fylkeskommunen om løyve til akvakultur av andre artar enn laks, aure og regnbogeaure. Firda Seafood vil bruke oppdrettsanlegg der det no er ledig kapasitet.
2019-10-14 21:32:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
2019-10-14 20:51:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen i opptakNRK Sogn og Fjordane
2019-10-14 20:24:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Auke i flytrafikkenNRK Sogn og Fjordane
Flytrafikken til og frå Florø auka med 17 prosent i september samanlikna med same månad i fjor, skriv Firdaposten. Totalt var det 13.700 personar som reiste til og frå flyplassen. På Sandane var det ein auke i passasjertalet med 13 prosent, medan trafikken gjekk ned både i Førde og Sogndal.
2019-10-14 20:10:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får halde fram i styretNRK Sogn og Fjordane
21 år gamle Emma Berge Ness frå Viksdalen er innstilt til å halde fram i sentralstyret i Senterungdommen. Ho vart valt inn for første gong i fjor. Ho skal veljast på landsmøte i november. Berge Ness er dotter til stortingsvara og Senterparti-nestor Steinar Ness.
2019-10-14 19:53:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sender ut permitteringsvarselNRK Sogn og Fjordane
Norsun har sendt ut permitteringsvarsel til 230 tilsette ved avdelinga på Årdalstangen, skriv porten.no. Eit straumbrot i førre veke som gjorde skade på produksjonsutstyr. Permitteringsvarselet slår inn først om 14 dagar, men leiinga håpar dei skal klare å rette feilen før den tid.
2019-10-14 16:37:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vi er populære hos turistaneNRK Sogn og Fjordane
Utanlandske turistar valfarta til Sogn og Fjordane i sommar. Frå mai til august tok 700.000 utanlandske turistar seg ei natt på hotell eller budde på ein av campingplassane, viser tal frå SSB. Det gjer at vi ligg inne på topp tre av fylka med flest overnattingar, berre slått av Hordaland og Oslo.
2019-10-14 15:21:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

No kjem BKK-penganeNRK Sogn og Fjordane
Sju kommunar i Sogn og Fjordane får 60 millionar kroner på deling etter at fusjonen mellom Sunnfjord Energi og BKK no er formelt gjennomført. Mest får Førde kommune som forsynet seg med 21 millionar kroner av potten. Årsaka er at dei er største eigaren i Sunnfjord Energi.
2019-10-14 15:18:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sunnfjord best representertNRK Sogn og Fjordane
Sunnfjord blir den best representerte regionen i nye Vestland i høve folketalet, skriv Firda. Ni av dei 65 representantane i det nye fylkestinget kjem frå Sunnfjord. Også Sogn kjem godt ut, medan Nordfjord er regionen i Sogn og Fjordane som blir dårlegast representert.
2019-10-14 15:07:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må kutte avgangarNRK Sogn og Fjordane
Avgangen frå Lavik kl. 15.10 og frå Oppedal kl. 15.40 er innstilt på grunn av lading, skriv Norled.
2019-10-14 14:51:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan bli vanskelege køyreforholdNRK Sogn og Fjordane
Meteorologane varslar gult farenivå for snø over 800 meter i Sør-Noreg. Varselet gjeld frå i natt til klokka 22 tysdag. ? Snøvêret breier seg nordover, frå midt på dagen er det venta overgang til regn i områda sør for Hardangervidda, melder dei på varsom.no.
2019-10-14 13:25:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på SognefjordenNRK Sogn og Fjordane
Norled melder at ferjesambandet Oppedal-Lavik er oppe å gå att på Sognefjorden. Fram til like over klokka 12 var det tekniske problem på sambandet.
2019-10-14 13:20:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein person er frakta til sjukehus etter ei trafikkulukke på fylkesveg 57 i Fjaler. Ein bil og lastebil kolliderte i ei 80-sone, melder politiet. Trafikken kan passere i det eine køyrefeltet ved ulukkesstaden.
2019-10-14 13:19:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Testa Tesla - mista lappenNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 30-åra må klare seg utan førarkort i 12 månader. Mannen vart målt til 96 km/t i 50-sona då han prøvekøyrde ein Tesla i Hordaland i april i år. Mannen forklarte at bilen hadde ein veldig akslerasjon, utan at retten fann dette formildande.
2019-10-14 12:24:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mykje blålys i Førde måndagNRK Sogn og Fjordane
Det blir ein del blålys å sjå i Førde sentrum utover måndagen. Politiet driver med regodkjenning av kompetansebevis for utrykkingskøyring. Det er varsla at det vil skje fram til kring klokka 15.
2019-10-14 12:13:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel stengd i ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Midnestunnelen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal er stengd på grunn av ein gjenstand som heng fra tunneltaket. Det melder Statens vegvesen. Entreprenør er på veg.
2019-10-14 09:51:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røed signerte for BrannNRK Sogn og Fjordane
E-fotballspelaren Åsmund Røed (18) frå Solund er klar for Brann. Det skriv Firda. Til klubben sine nettsider seier Røed at det er surrealistisk. ? Det er ein draum å signere for Brann, seier 18-åringen. Bergensklubben enda på sølvplass førre sesong.
2019-10-14 09:34:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Astrup meir populær enn RamboNRK Sogn og Fjordane
Med 8.000 publikumarar første veka segla «Astrup - Flammen over Jølster» rett inn på 7. plass på Kinotoppen. Det viser Filmweb si oversikt. Besøkstalet er kring 3.000 høgare enn «Rambo: Last Blood», som er inne i si tredje veke, og godt bak «Joker» sine 155.286 gjester
2019-10-14 08:22:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lada opp til EM med NordiskNRK Sogn og Fjordane
Dei norske vektløftarane henta heim lagsigeren i både dame- og herreklassa under nordisk i Vigrestad i helga. Tambarløftarane Marit Aardalsbakke og Lone Kalland tok bronse i sine klassar. Lagkamerat Ragnar Holme debuterte i meisterskapen med 305 kilo, noko som lovar godt før junior-EM seinare i oktober.
2019-10-14 07:53:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistanke om rusNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i slutten av tenåra er mistenkt for køyring i ruspåverka tiltstand etter å ha køyrt av vegen like ved krysset Avsølevegen og riksveg 5 i Sogndal. Det var berre føraren i bilen og han har kom frå det utan skadar. Mannen er tatt med for blodprøve og førarkortet er kverrsett.
2019-10-14 06:03:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vindkraftområde er vernaNRK Sogn og Fjordane
Gaularvassdraget er blant områda innan Nasjonal Ramme for vindkraft, men det vart verna i 1993, skriv Firda. Direktør for konsesjonsaavdelinga i NVE, Rune Flatby seier at den nasjonale ramma ikkje er ein utbyggingsplan, men at det kan finst stader innanfor de utpeika områda som er egna for vindkraft.
2019-10-13 21:25:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vann for beste kornølNRK Sogn og Fjordane
Lars-Tunet Bryggeri frå Hornindal gjekk av med fyrsteplassen i ølkonkurransen i Hornindal i helga, melder Norsk Kornølfestival. Det var med eit tradisjonelt kornøl frå Hornindal, kalla Konnjøl, dei drog sigeren i hamn.
2019-10-13 19:38:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stogg på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Avgangen frå Lavik kl. 18.00 og kl. 18.30 på ferjesambandet Oppedal ? Lavik utgår grunna tekniske problem med ladestasjon, melder Statens Vegvesen.
2019-10-13 18:00:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordførarvalet i strid med lovaNRK Sogn og Fjordane
Valet av ordføraren i Kinn kommune er gjennomført i strid med den nye kommunelova, skriv Firdaposten. Det er ikkje høve til å bruke skriftleg avstemming. Departementet slår fast at valet av ordførar ikkje treng å vere ugyldig, sjølv om lova ikkje har blitt følgt. Difor blir det no eit kommunestyremøte der dei må ta stilling til om Ola Teigen framleis blir ordførar i Kinn.
2019-10-13 17:17:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift igjenNRK Sogn og Fjordane
Det er no opna for normal drift igjen på ferjesambandet Hella- Dragsvik- Vangsnes, melder Statens vegvesen. Ferjesambandet har redusert kapasitet i dag på grunn av tekniske problem, men no går nå som normalt etter oppsette ruter.
2019-10-13 14:00:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tunnel stengd etter røykutviklingNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til Skrikebergtunnelen på E39 i Gulen, etter melding om røykutvikling frå ein bilen. Tunnelen er no stengd, melder politiet på Twitter.
2019-10-13 13:18:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trur på milliardomsetningNRK Sogn og Fjordane
Teknologiselskapet Tibber har femdobla omsetninga i 2019, samanlikna med i fjor. No trur dagleg leiar Edgeir Vårdal Aksnes på milliardomsetnad neste år, skriv Firda. Selskapet er i dag etablert i Noreg og Sverige, og i ferd med å etablere seg i Tyskland.
2019-10-13 09:45:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utan gyldig førarkortNRK Sogn og Fjordane
Ein mann 50 åra vart i natt stogga av ein politipatrulje i Lærdal. Det synte seg at mannen køyrde bil utan gyldig førarkort.
2019-10-13 08:44:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fjøra berga plassenNRK Sogn og Fjordane
Fjøra er klare for ein ny sesong i 3. divisjon etter 3-1 siger over Fana, skriv Sogn Avis. Med to serierundar igjen er det åtte poeng ned til Vestfossen på nedrykksplass
2019-10-12 21:05:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sikra plassen i 2. divisjonNRK Sogn og Fjordane
Florø vann laurdag 1 ? 0 over Åsane. Florø har 32 poeng og 11 poeng over nedrykksplass. Dei er dermed også klare for spel i 2. divisjon neste år.
2019-10-12 21:03:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klare for 3. divisjonNRK Sogn og Fjordane
Årdal slo laurdag Tornado Måløy 2?1 på bortebane. Det betyr at årdølene er klare for spel i 3. divisjon i 2020, skriv Sogn Avis. Det blir utan trenar Ivan Øy som hadde sin siste kamp som trenar Årdal FK.
2019-10-12 18:47:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Etterlyser klimaplanarNRK Sogn og Fjordane
? Skogen fangar opp halvparten av det menneskeskapte CO2-utsleppet i Noreg kvart år. Det seier styreleiar i Skognæringa kyst, Ole Hartvig Bakke. Han er skuffa over at det ikkje kom midlar til klimaplanting av skog i 2020 i statsbudsjettet, som vart lagt fram denne veka.
2019-10-12 18:10:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mopedulykke i VågsvågNRK Sogn og Fjordane
Det har vore ei trafikkulukke med moped i Vågsvåg i Nordfjord, melder politiet. Føraren av mopeden skal vere vaken og bevisst, men fortel om smerter i skulder. Ulukka skal ha skjedd ved Gravdal skule. Naudetatar er på veg til staden og politiet veit enno ikkje noko om årsaka til ulukka.
2019-10-12 13:59:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Landa sak om eigarskapNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget landa saka om fylkeskommunen sin eigarskap i Sogn og Fjordane Energi, skriv Sogn avis. Fylkeskommunen overfører aksjar i Sogn og Fjordane Holding AS til kommunane på visse vilkår. Saka har vore gjennom to rettsinstansar der BKK hevda forkjøpsrett til SF Holding sine aksjar i SFE.
2019-10-12 12:44:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal undersøkje folkeendringaNRK Sogn og Fjordane
Rådmann Åslaug Krogsæter i Stad skal vere med og finne ut korleis stadig færre born og fleire eldre vil slå ut for distrikts-Noreg, skriv Fjordabladet. Ho er peika ut til å vere med i eit regjeringsutval leia av tidlegare Høgre-statsråd Victor Norman. Dei skal vere ferdige i desember neste år.
2019-10-12 10:47:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fann nakrotikaplante i skogenNRK Sogn og Fjordane
Jegerar fann hasjplanter i skogen i Sogndal. Det skriv nettavisa porten.no. Dei var planta i ein kommodeskuff midt ute i skogen. Politiet har per no ingen mistenkte i saka og plantane blir sendt til Kripos og destruert.
2019-10-12 08:14:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

ActiveSystems - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.